Om næringshage

Velkommen til Sandane Næringshage!

Sandane Næringshage AS (SNH) er eit drifts- og utviklingsselskap. Dagleg leiar er ‘gartnar’ i hagen og legg til rette for utvikling og vekst for den einskilde verksemda i SNH og for samarbeide mellom dei. Gartnaren legg også til rette for samarbeid med lokalt/regionalt næringsliv.

Ein næringshage er ei samlokalisering av små, kunnskapsintensive verksemder. Her skapast eit profesjonelt, fagleg og sosialt miljø der kunnskap vert utvikling for eksisterande og nye verksemder. Etablering av næringshagar er ei statleg satsing for å stimulere lokale kompetansemiljø slik at dei kan utvikle seg. Det er eit mål å leggje til rette for nyetableringar.

SIVA har støtta etableringa av næringshagar rundt om i Norge. Pr 1.juni 2002 er det ca 30 næringshagar i Norge, og fleire er under etablering. Les meir hos
SIVA eller  Næringshagenett.

 

Sandane Næringshage

Sandane Næringshage ligg i 2. og 3. høgda i Sandane Senter, eit nytt forretningsbygg som ligg vakkert ved Gloppenfjorden, midt i sentrum av Sandane.

Sigmund Vereide er tilsett som dagleg leiar.

Sandane Næringshage vart, som den fyrste på Vestlandet, opna under stor festivitas 3.april 2001. Ved opninga var her 12 leigetakarar. Pr. 1.april 2003 er det 18 verksemder i Sandane Næringshage.

Samarbeidet mellom verksemdene er formalisert ved eit møte for daglege leiarar ca kvar annan veke. Nokre av verksemdene har formelt samarbeid om større eller mindre prosjekt. I tillegg er Næringshagen ein open og trygg arena for uformelt samarbeid der fagleg og personleg nettverk byggast.

I tillegg til å huse leigetakarane og deira kundar, kan DU leige lokalar i Næringshagen til DITT arrangement. Her er møterom for grupper frå 2 til 120 personar, to rom for videokonferansar, ein idéverkstad for kreative prosessar og datarom med 12 maskiner i breibandsnett. Du kan leige berre romma, men også tilleggstenester som prosessvegleiing og hjelp til å arrangere av møter og konferansar.

Kontor i Sandane Næringshage?

Her er enno noko ledig areal. Som leigetakar får du:

– nye og moderne kontorlokale
– fagleg og sosialt fellesskap
– tilgang til eit topp moderne dokumentsenter
med printarar, kopimaskin og faks
– tilgang til møterom, multimediarom og idéverkstad
– tilgang til internett og IP-telefoni
– god datatryggleik
– høve til spesialsydd leigeavtale